Torunn Måseidvåg er keramikar som arbeider med utgangspunkt i den tradisjonelle norske keramikken. Tidlegare nytta ho blåleire frå Sandnes, men den vert ikkje produsert lenger.
- Enno har eg ikkje hatt mot på å gå ut og spa den opp sjølv… For blåleira ligg jo framleis klar i bakken i store mengder, så kanskje eg prøver meg på det ein gong? Enn så lenge har eg gått over på ei dansk leire, fortel ho.
Alle gjenstandane hennar, koppar, fat, krukker og kanner, er dreidde for hand.
- Det er ein av prosessane eg liker aller best. Det er noko så fritt i det å vera fullt konsentrert om å forma på dreieskiva, ein må leggja frå seg det meste anna, seier ho.
Inspirasjon frå gamle mønster Dekoren er, som i den tradisjonelle norske keramikken bygd opp av begitningar, i eitt eller fleire lag, og ho skraper også dekor inn i halvtørr begitning, såkalla sgrafitto-teknikk.
- Eg bruker gamle mønster som inspirasjon, men vil gjerne gi dei mitt eige uttrykk og omarbeiding. Etter at gjenstandane er tørka godt, vert dei brent, for så å verta glasert med ein transparent, blank glasur, og brent ein gong til, forklarar ho.
- Dei siste par åra har eg og særleg vore fascinert og oppteken av dei store likskapane i tradisjonell dekorativ kunst frå store delar av verda. Både historisk og samtidig. Her er ei uutømmeleg kjelde til ny kunnskap og ny inspirasjon. Og det gjeld langt frå berre keramikk, men tekstil, steinarbeid, trearbeid, metall osb. Fantastiske rikdomar!
Folkekunst og samarbeidTorunn har jobba som praktikant hjå pottemakarane på Norsk Folkemuseum i Oslo.
- Etter første sesongen i potteriet på Norsk Folkemuseum har eg vore attende fleire gonger. Men ut over det har eg arbeidd på eiga hand. Eg er elles utdanna etnolog frå Universitetet i Oslo, og hadde folkekunst som eit av fordjupingsemna mine. Koplinga mellom det kulturhistoriske faget og handverket er spanande, tykkjer eg – særleg i møte med andre kulturar sine dekorative tradisjonar.
I desse dagar arbeider ho saman med ein dansk pileflettar, Birgit Østergaard-Jenssen, om eit land art-prosjekt på oppdrag frå Sandnes kommune/Stavanger2008: Gramstadbåten.
- Det er jo verkeleg ein heilt annan måte å arbeida på, men det er moro å arbeida med ungar, og spanande å arbeida opp mot ein annan handverkar, seier ho.
Prosjektet kan du lese meir om på heimesida til Torunn:
www.maaseidvaag.comOm handverket sitt seier ho:
- Eg trur både mønster og fargar på gjenstandane skil seg ut, nærleiken til tradisjonen utan at det er kopiar av gamle gjenstandar, og måten eg dreier på. Eg legg stor vekt på at handverket skal halda høg kvalitet; at dreiing og dekor skal vera godt utført, og at tinga skal ha god form og funksjon.